Al Jazeera Media Network | |||
Skipa | 1996 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Doha | ||
Land | Qatar | ||
Produkt | Kabelfjernsyn | ||
Grunnleggjar(ar) | Hamad ibn Khalifa Al Thani | ||
Dagleg leiar | Hamad ibn Khalifa Al Thani | ||
Nettstad | https://network.aljazeera.net/ar (arabisk) |
Al Jazeera Media Network (AJMN, arabisk الجزيرة romaniert al-jazīrah, IPA: [æl (d)ʒæˈziːrɐ]; bokstaveleg 'Halvøya', som viser til Qatarhalvøya) er eit qatarsk internasjonalt mediaføretak med hovudkvarter i Qatar Radio and Television Corporation Complex i Wadi Al Sail i Doha. Det er eigarselskapet til nyheitskanalen Al Jazeera og andre liknande mediaføretak. Han blei opphavleg skipa som ein arabisk nyheitskanal for satellitt-TV, men har vokse til eit nettverk i fleire medium, som internett og spesialiserte tv-kanalar på fleire ulike språk. Formannen for føretaket er Sheikh Hamad bin Thamer Al Thani.[1][2]
Organisasjonen er ei «privat skiping for offentleg gode» etter qatarsk lov.[3] Under denne strukturen får han støtte frå den qatarske staten. Ifølgje medieforskaren Tine Ustad Figenschou tyder dette at sjølv om både Al Jazeera og qatarske embetsfolk legg vekt på at nettverket er politisk sjølvstendig, er dette ein relativ sjølvstendigheit som finst under visse vilkå.[4][5] Nettverket blir tidvis oppfatta som å ha hovudsakleg islamistiske perspektiv, med støtte for Det muslimske brorskapet, og å ha eit pro-sunni og anti-sjia-syn når det rapporterter om regionale saker.[6][7][8] Al Jazeera har sendt video- og lydopptak av Osama bin Laden.[9]
Nyheitsavdelinga til nettverket har rundt 70 kontor rundt i verda som blir nytta av fleire av mediakanalane det har. Dette er det nest største talet på slike kontor i verda, etter BBC.[10] I juni 2017 gjekk styrsemaktene i Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata, Bahrain og Egypt, med støtte frå 12 andre medlemmer av Organisasjonen av islamsk samarbeid, inn for å stenga heile nettverket som eit av tretten krav mot Qatar under den diplomatiske krisa knytt til landet. Andre medienettverk har støtta Al Jazeera.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search